NYNORSK DAGEN

I dag har hovudet mitt teke ein heilt ny vending. Eg er tuna inn på sidemål, dialekt og klarar ikkje tenkje på nokon annan måte enn på sidemål. Nokre dagar tenkjer eg svensk, nokre dagar engelsk og nokre dagar tenkjer eg heilt vanleg. Skjønt, heilt vanleg er eg vel ikkje skrudd saman, det skjøna du sikkert akkurat no. 

«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
  ho er for ljos til det.
  Nå skal vi vandra isaman ute,
  under dei lauvtunge tre»

Og kor den kom i frå, må du ikkje spørja meg om, den berre kom dalande …

Teksten under vert utan mål og meining, men er ei opplisting av det eg kan kome på har noko som helst med nynorsken min å gjere. Berre for å ha noko å fortelja på nynorsk, kan ein vel seie

Dette innlegget har eg via til nynorsken. Eit mål som eg har skrive mykje tidlegare, men som no har gått reint i gløymeboka. Trudde eg då.  Som nytilsett  i Hordaland fylkeskommune som 17 åring, måtte eg kunna nynorsk. Det stod jo på papira mine at eg hadde hatt nynorsk både på ungdomsskulen og vidaregåande skule, men at eg kunne skriva nynorsk, var vel  å overdriva. Men, det var no berre å gjera gode miner til slett spel og setja i gong. Heldigvis hadde dei på avdelinga mi, ein kløpper på nynorsk. Han heitte Dagfinn og blei min mentor på nynorsk. Så etter å ha vore tilsett der i eit halvår eller so, så skreiv eg nynorsk so da kosta etter.

No skal dykk få sleppa å verta pint gjennom eit langt innlegg skrive på nynorsk. Eg veit korleis mange har da med strilemål, mange tykkjer det er eit «grautamål». Eg sjølv likar dialektar. Eg tykkjer bergensk er ein hard og kjedeleg dialekt, men foretrekker bokmål til dagen, det er fordi eg handterar det best. Kunne godt ha tenkt meg å vore født på sørlandet, det blide sørland, ein herleg dialekt. Eller vore Ålesundar, det er og ein framifrå dialekt som eg berre kan sitja og høyre på og vere fasinert av …

Som unge hugsar eg at eg raskt slo om til Øygardsdialekt når eg hadde vore på Nautnes  i åtte veker i strekk på somrane. Ikkje ute blant dei andre ungane, nei er du galen, men heime hjå mormor og morfar, hendte det stadig vekk at eg kom med setningar på «Øygarsk» i staden for på bymål.

Mor mi, som kom i frå Øygarden snakka begge målføre. Årsaka til dette var at på 50-tallet var det ikkje akseptert å snakka anna enn bymål om ein skulle stå i butikk i Bergen by. Då måtte ein pent leggja om til bergensk. Men kvar einaste gong telefonen ringde heime hjå oss, og det var ein i frå Øygarden som ringte, då slo ho om til Øygards dialekt med ein gong.

Å koma til Øygarden som byfant var heller ikkje nokon spøk.

Far min som var oppvaksen i Sanviken, vart utsett for meir enn ein spøk når han kom til gards til min mormor og morfar. Tanta mi som og var frå byn fekk den verste. Ho fekk i oppgåve og gå ut i «stupen» etter mjølka. Ho turte sjølvsagt ikkje spørja kor da var henne. Så ho gjekk ut i bislaget, tok på seg sko og jakke, gjekk ut ytterdøra og haldt fram å gå, heilt til ho kom til stupet. Og då meiner eg heilt ut til enden på Nautnes og ut mot havet. Men der var der sjølvsagt ikkje noko mjølk å henta. Att i ståvo satt mormor, morfar og mor mi og  haldt på å le seg ijel. «Stupen», det var i bislaget eller gongen det. Så ho gjekk fem på der.

Men no skal eg ikkje skriva meir dialekt, eg skal berre runda av og sei at i dag har eg hatt nynorsk dagen. Ta det heilt med ro, det blir med denne eine dagen i året. Men det var no litt morosamt å skrive nynorsk igjen og då, men da får vera nok no ..

Hadde «mentoren» min lest dette, hadde han nok humra og ledd godt for seg sjølv og så hadde han teke fram den raude kulepennen og begynt å retta opp alle dei gramatiske feila 🙂

Ha ein framifrå dag alle i hop 🙂

Legg gjerne igjen en kommentar til dette innlegget

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.